Autoshop - den komplette faghandelen din på Voss

Autoshop har alt du treng av utstyr og delar til bil, ATV, MC og motorsport. Hjå oss får du engasjerte ansatte og personlig service. 

Sjå utvalet på nettsida vår, eller ta turen innom butikken.

 

Me brenn for bilfaget, så om det er bilrekvisita, slitedelar, bilstereo, ekstralys, lakk eller oljefilter du er på jakt etter, så ordnar me det for deg. Det meste av desse produkta er lagervare hjå oss, men om du treng noko spesielt, skaffar me det frå Hellanor i løpet av ein dag. Thule og BeSafe sine produkt finn du og i butikken.

Ta kontakt eller stikk innom, så hjelper me deg med det du treng.

Personleg service

Hjå oss får du personleg service. Kjøper du nye vindaugsviskarar, skiftar me dei gjerne for deg, heilt gratis. Me passar på at du får rett del til akkurat ditt bilmerke, og kan hjelpa deg med plassering og montering av nytt barnesete eller anna utstyr hjå oss, som det er viktig å montera rett.

oversiktskart over det komplette bilsenteret på Voss

Biltunet

Autoshop

Voss Bil Lastebil

Bilpleiesenteret

Bilskadesenteret

Ein del av det komplette bilsenteret på Voss


Når du kjem til Autoshop, går du rett inn i hjarta av det komplette bilsenteret på Voss. Me held til i sentrum av bilsenteret, som er ei solid gruppe bedrifter med det meste av tilbod og tenester innanfor bilfaget. Om du er på jakt etter
ny bil, bruktbil, drivstoff, bilpleie eller verkstad for personbil eller lastebil, så finn du det vegg i vegg med oss. Felles for heile bilsenteret er bilinteressa, og ynsket om å yta best mogleg service. Saman finn me dei beste løysingane for deg og bilen din.

Kontaktinformasjon

Åpningstider

Man-Fre: 08.00-17.00
Laurdag: 10.00-14.00


Til biltunet.no