Me veit kor viktig det er med rett del til rett bil. Amcar eller elbil, nyare eller eldre modell, den einaste snarvegen som er verd å ta, er den som går rett til leverandøren av dei riktige delane. Me leverer elektriske delar som bilbatteri og dynamo, bildelar som bremseklossar, bremseskiver og eksosannlegg og viskeutstyr som viskeblad og spylepumpe til konkurransedyktige prisar og i høg kvalitet.
Som NDS-partnar har me rask tilgang til NDS sitt store sortiment av baklys, frontlys, posisjonslys og at du elles kan tenkja deg av lys til bilen, inkludert NDS si eiga premium merkevare Lyzzpro. Stikk innom butikken, syn oss bilen din, og me hjelper deg med å finna rett lykt til akkurat din bil.
Om du har lyspærer eller andre lys-komponentar som treng å skiftast ut, så har me tilgang til det meste. Mykje har me allereie hjå oss i Skulestadmo, men i tillegg har me kort veg til NDS sine lager. Fortel oss kva du ynskjer, og me ordnar det.
Slit du med å sjå vegen? Me sel Bosch vindaugsviskarar, og hjelper deg gjerne med montering. Kom innom butikken for å sjå utvalet.
På Voss seier me ljos heller enn lys, men uansett dialekt er dette noko av det viktigaste du har på bilen din, både for å sjå og for å verta sett. Ljos handlar om å ta dei rette vala for trygg køyring.
Gode lykter kan vera det som gjer at du kjem deg trygt heim, og ikkje råkar ut for ei ulukke. Køyrer du på mørke vegar, og vil ha godt oversyn over både vegbana og sidene av vegen, kan me hjelpa deg med lys frå kjende merke som Hella, Rigid, Lazer eller Lumen.
Kom innom oss og fortel kva du treng. Saman finn me dei rette lyktene til akkurat ditt behov og din bil, anten det gjeld frontlykter, ryggelys eller ekstralykter. Sjølvsagt har me og relésett og anna elektronisk materiell som høyrer til.
Ta gjerne kontakt dersom du ynskjer pristilbod eller har spørsmål når du leitar etter reservedelar og tilbehøyr til din bil.
* Felt med stjerne er påboden og må fyllast ut.
E-post: autoshop@biltunet.no
Tlf: 56 52 07 14
Man-Fre: 08.00-17.00
Laurdag: 10.00-14.00