Kontaktinformasjon
E-post: autoshop@biltunet.no
Tlf: 56 52 07 14
Åpningstider
Man-Fre: 08.00-17.00
Laurdag: 10.00-14.00
Mange vel å setja eit personleg preg på bilen sin. Det finst mykje kjekt å velja mellom når det gjeld bilinteriør, så her rår me til at du kjem innom oss og tek ein kikk på utvalet.
Setetrekk kan vera ei god investering, ikkje berre som visuell oppgradering, men og for å ta betre vare på setene i bilen. Ekstra golvmatter gjer det lettare å halda bilen rein, og rett bilpleieprodukt for interiør gjer at både lær og kunststoff held seg fint lenger. Hugs også at dersom du har tenkt å nytta mobilen undervegs, er det påbode å ha ein korrekt plassert mobilhaldar, slik at telefonen ikkje tek merksemda di vekk frå vegen.
Me tilbyr eit stort utval av ekstralys, som forbetrar standard-lysprofilen på bilen din. Ekstralys og LEDbar er for deg som treng ekstra sterkt lys i trafikken, anten det er på arbeidsbilen eller personbilen. Du får betre og meir pålitelege fjernlys, og oppdagar lettare vilt og andre farar langs vegane. LEDbarane våre har høg lyskvalitet og lang brenntid. Me hjelper deg med å finna ekstralyset eller LED-rampa du leitar etter.
Føretrekk du ny bil, klassisk skogfrisk, lær eller vanilje? Ein skikkeleg luftfriskar frå Wunderbaum syter for at bilen din alltid luktar godt.
Me har heile utvalet, utfordringa di vert å velja.
Køyreturen vert kortare med god lyd. Om du enno ikkje har fått installert bluetooth eller DAB-adapter, er det på tide med ein tur innom oss. Me får bilradioen din til å fungera att, og hjelper deg slik at du enkelt og trygt kan ta telefonen når du er ute og køyrer. Om du føretrekk CD eller podcast på turen, så har me den tekniske løysinga for deg.
Me har alle dei kjende merka: Pioneer, Ground Zero,
Kenwood, Focal, Alpine, Tiny audio, Hifonics, Match, Cerwin vega, DD audio og Sony.
Dersom du er på jakt etter skikkeleg lyd, heftig bass og god stemning, finn me rett subkasse for nettopp din bil.
E-post: autoshop@biltunet.no
Tlf: 56 52 07 14
Man-Fre: 08.00-17.00
Laurdag: 10.00-14.00