Bilstolar og tilbehøyr fra BeSafe

Borna er det mest verdifulle me har. Autoshop er forhandlar for BeSafe, som er ein norsk kvalitetsprodusent av bilstolar for born. Vel du bilstol frå BeSafe, investerer du i tryggleik. Sikring av born i bil er eit fagområde i rask utvikling, og hjå Autoshop har me alltid oppdatert kompetanse på produkt og montering. Me finn den rette barnestolen til ditt behov, og hjelper deg med rett montering og plassering i bilen.

thule babystoler

Born frå ca 0-12 månader

Babystolar

Babystolen er den aller første stolen du kjøper til barnet ditt. Dette er stolen barnet nyttar gjennom heile det første leveåret sitt. Stolen skal moterast bakovervendt i bilen, og kan enkelt takast ut og festast på barnevogn. Ved å velja BeSafe, veit du at du får ein stol som er godt testa og godkjent etter norsk standard. 

Det er viktig for oss hjå Biltunet Autoshop å vita at me sel kvalitet. BeSafe sine produkt er testvinnarar både i Noreg og i internasjonale testar, og held det dei lovar når det gjeld tryggleik.

Sjå utvalet babystolar frå BeSafe her.

Sjå, prøv og få hjelp

Vi har masse bilstolar utstilt i butikken og hjelper deg med å finna riktig bilstol til bilen din og barnet ditt. Kom innom og prøv barnestol til barnet ditt i dag. Prøv gjerne bilstolveljaren først viss du er usikker.

Born frå ca 6 mnd – 4 år

Småbarnstolar​

Ved eitt-års alder er det på tide å skifta frå babystol til småbarnstol. Småbarnstolen må monterast bakovervendt, i alle fall til barnet er kring fire år gamalt og passerer 105 cm eller 18 kilo, for å gje best mogleg tryggleik ved ein kollisjon. Dette er ein stol barnet kjem til å nytta mykje, i fleire år. 

Då er det greitt å veta at me kan bestilla nye delar for deg dersom noko treng å skiftast ut, og at trekket kan takast av og vaskast i maskin ved behov. Dette gjeld alle stolar frå BeSafe, og sikrar lang levetid på produkta.

Sjå utvalet av småbarnstolar frå BeSafe her.

thule barnestoler
thule beltestoler

Born frå ca 4 til 12 år

Beltestoler​

Beltestolen er den siste bilbarnestolen barnet ditt treng. Stolen syt for at bilbeltet ligg riktig over hofta, er i korrekt høgd og ligg godt inntil aksla. Dette er ei sete som vender framover, og som bidreg til både tryggleik og komfort under køyreturen. Beltestolane frå BeSafe er godkjente for born frå 15 til 36 kilo, og frå 100 til 150 cm, og er tilrådde heilt opp til 12 års alder.

Sjå utvalet av beltestolar frå BeSafe.

Tilbehøyr

I tillegg til bilbarnestolar har BeSafe ei rekkje tilleggsprodukt, som kan vera med på å gjera køyreturen både tryggare og trivelegare. Med gravidbelte tryggjer du fosteret ved ein eventuell kollisjon, og med babyspegel har du god sikt til barnesetet bak deg. Solskjerming og setetrekk er andre gode og praktiske løysingar.


Ved ei brå oppbremsing kan eit nettbrett som ikkje er festa skikkeleg, utgjera ein stor sikkerheitsrisiko. Investerer du i ein nettbretthaldar, kan borna vera aktiviserte under heile køyreturen, utan at det går ut over tryggleiken.

Sjå BeSafe tilbehøyr her

tilbehør thule

Autoshop - Ekspert på BeSafe​

Kvalitet

BeSafe har kvalitet i alle ledd. Alle barnestolane er grundig testa, slik at du kan vera trygg på at du har valt ei god og sikker løysing for barnet ditt. Vaskbare trekk og utskiftbare delar sikrar lang levetid på produkta.

Testvinnar

BeSafe sine produkt er testvinnarar i både norske og internasjonale testar, og har fått topp score i NAF sine testar.

Fokus på tryggleik

BeSafe samarbeider med forskingsinstitutt og organisasjonar frå heile verda for å fremja trafikktryggleik.

BeSafe sin visjon

BeSafe sine produkt er laga med utgangspunkt i visjonen om at ingen born skal utsetjast for alvorlege ulukker i trafikken.

Sikring av barn i bil

Rett montering kan vera skilnaden på liv og død dersom du råkar ut for ei ulukke. Ikkje ta unødige sjansar, spør oss heller ein ekstra gong dersom du lurar på noko som gjeld sikring av barn i bil.

Kontaktinformasjon

Åpningstider

Man-Fre: 08.00-17.00
Laurdag: 10.00-14.00


Til biltunet.no