Kva er vel betre enn å setja seg inn i ein rein bil når du skal på tur? Er det lenge sidan siste vasken, kan det løna seg å starta med eit godt avfettingsmiddel. Ver nøye med å fylgja rettleiinga til middelet. Deretter vaskar du med bilshampo, med eller utan voks. Hugs svampar og mikrofiberklutar av god kvalitet. Om du manglar noko til jobben, svingar du berre innom oss for gode råd og produkt. Me fører mellom anna Turtle Wax og Autoglym sine produkt, og har alt du treng til effektiv vask av bilen både utvendig og innvendig.
Når vaskejobben er gjort, løner det seg å spandera litt tid på å ta vare på lakken. Sjølvsagt kan du gjera dette manuelt, med voks, polish og ein god mikrofiberklut, men om du vil gjera jobben både raskare og betre, bør du vurdera å investera i ei god poleringsmaskin. Med rett val av maskin og tilbehøyr får du eit profesjonelt resultat som held seg lenge. Me hjelper deg med å finna maskina som passar til ditt behov og din bil.
Viss du treng behandling av skade i lakken kan du bestilla produkt til lakk og overflatebehandling hjå oss.
Turtle Wax professional er eit sortiment designa for å imøtekomma behova til den profesjonelle bilpleiaren. Treng du gode bilpleieprodukt til profesjonell bruk, i større mengder, finn du det hjå oss. Ta kontakt for nærare tilbod.
Med merke som Total, Liqui Moly, Bars og BG i butikken, kan me hjelpa deg med det meste av kjemiske bilprodukt, til både bilpleie og reperasjonar. Rett additiv, som til dømes dieselrens eller bensinrens, kan forlenga levetida til bilen din, og redusera drivstoff-forbruket. Les meir om kva additiv brukest til her. Det same gjeld rett motorolje og oljefilter. Anten det er bilen din, anleggsmaskina, båten eller grasklypparen du skal vøla eller vedlikehalda, start jobben med ein tur innom oss. Me har det du treng.
Reduserer friksjon og slitasje på bevegelege delar i motoren.
Olje fangar, overfører og frigjer varme gjennom smørjekretsen, og supplerer kjølevæska.
Motorolje reinsar ureiningar som byggjer seg opp i motoren medan han går.
Vernar mot skade forårsaka av etsande syrer som oppstår ved forbenning av drivstoff.
Dannar beskyttande lag mellom komponentar som stempel og sylindrar.
Fordelen med additiv
Additiva fjernar eksisterande avleiringar, og hindrar at det dannar seg nye.
Additiv tettar igjen små lekkasjar i radiatoren. Dermed slepp du stadig etterfylling av kjølevæske, og søk etter lekkasjestader.
Additiv gjer gummi- og plasttettinger mjuke og smidige, og set ein stoppar for oljetap.
Additiv forhindrar at drivstoff av dårleg kvalitet, som yter og forbrenner dårleg, skadar motoren.
E-post: autoshop@biltunet.no
Tlf: 56 52 07 14
Man-Fre: 08.00-17.00
Laurdag: 10.00-14.00