Vedlikehald og bilpleie

Med rett bilpleie kan du koma tett på nybil-kjensla så ofte du vil. Ein rein bil er ikkje berre komfortabel. Ved å fjerna smuss, støv, salt og skit jamleg, forlenger du levetida til lakk og interiør. Hyppig vask og vedlikehald med rett utstyr og gode produkt, gjer dessutan jobben både enklare og raskare.

Shampoo og avfetting

Kva er vel betre enn å setja seg inn i ein rein bil når du skal på tur? Er det lenge sidan siste vasken, kan det løna seg å starta med eit godt avfettingsmiddel. Ver nøye med å fylgja rettleiinga til middelet. Deretter vaskar du med bilshampo, med eller utan voks. Hugs svampar og mikrofiberklutar av god kvalitet. Om du manglar noko til jobben, svingar du berre innom oss for gode råd og produkt. Me fører mellom anna Turtle Wax og Autoglym sine produkt, og har alt du treng til effektiv vask av bilen både utvendig og innvendig.

Kvitfor vaske bilen heime?

Lakkpleie

Når vaskejobben er gjort, løner det seg å spandera litt tid på å ta vare på lakken. Sjølvsagt kan du gjera dette manuelt, med voks, polish og ein god mikrofiberklut, men om du vil gjera jobben både raskare og betre, bør du vurdera å investera i ei god poleringsmaskin. Med rett val av maskin og tilbehøyr får du eit profesjonelt resultat som held seg lenge. Me hjelper deg med å finna maskina som passar til ditt behov og din bil.

Viss du treng behandling av skade i lakken kan du bestilla produkt til lakk og overflatebehandling hjå oss.

Mikrofiberkluter til bruk av vask og polering av bil

Profesjonelle bilpleieprodukt

Turtle Wax professional er eit sortiment designa for å imøtekomma behova til den profesjonelle bilpleiaren.  Treng du gode bilpleieprodukt til profesjonell bruk, i større mengder, finn du det hjå oss. Ta kontakt for nærare tilbod.

Olje og additiv

Med merke som Total, Liqui Moly, Bars og BG i butikken, kan me hjelpa deg med det meste av kjemiske bilprodukt, til både bilpleie og reperasjonar. Rett additiv, som til dømes dieselrens eller bensinrens, kan forlenga levetida til bilen din, og redusera drivstoff-forbruket. Les meir om kva additiv brukest til her. Det same gjeld rett motorolje og oljefilter. Anten det er bilen din, anleggsmaskina, båten eller grasklypparen du skal vøla eller vedlikehalda, start jobben med ein tur innom oss. Me har det du treng.

olje-og-additiv-til-bilen

Leverandørar

Vask bilen heime

Bilen er verdifull, og for å unngå verditap og slitasje, er det viktig å vaska bilen regelmessig. Ein skinnande rein bil er ein bonus av riktig bilpleie. Me har eit stort utval bilpleieprodukt som gjer bilvasken enklare.

Innvendig bilpleie

I sortimentet vårt har me alt du treng av utstyr for å få eit reint og fint interiør. Ved hjelp av mikrofiberklutar, interiørshampo, tekstilreins, vindaugsreins og vinyl -makeup kan du få attende den gode nybil-lukta, og heva opplevinga av interiøret monaleg.

Utvendig bilpleie

For å gjera bilvasken enklare og betre, er det lurt å starta med avfeitting. Deretter nyttar du mikrofiberklut og svamp saman med bilshampo, vindaugsreins og felgreins. For å verna lakken og gje bilen ein ekstra glans, avsluttar du med voks og polering. Du finn alt av utstyr hjå oss, og me hjelper deg gjerne med å koma i gang.

Motorolje er viktig!
Maskiner treng smørjemiddel for å køyra riktig. Motorolje er heilt essensielt for at motoren skal fungera.

Fordelar ved motorolje

Smørar

Reduserer friksjon og slitasje på bevegelege delar i motoren.

Kjøler

Olje fangar, overfører og frigjer varme gjennom smørjekretsen, og supplerer kjølevæska.

Reingjer

Motorolje reinsar ureiningar som byggjer seg opp i motoren medan han går.

Vernar

Vernar mot skade forårsaka av etsande syrer som oppstår ved forbenning av drivstoff.

Forseglar

Dannar beskyttande lag mellom komponentar som stempel og sylindrar.

Kva er additiv

Additiv er stoff som vert tilsette produkt for å oppnå eller forbetra bestemde eigenskapar. Du tilset additiv direkte i motoren, eller i drivstofftanken. Dette gjer du greitt sjølv. Me hjelper deg med å finna riktig additiv. 

Fordelen med additiv 

Rein motor

Additiva fjernar eksisterande avleiringar, og hindrar at det dannar seg nye.

Tett radiator

Additiv tettar igjen små lekkasjar i radiatoren. Dermed slepp du stadig etterfylling av kjølevæske, og søk etter lekkasjestader.

Forhindrar oljetap

Additiv gjer gummi- og plasttettinger mjuke og smidige, og set ein stoppar for oljetap.

Auka drivstoffkvalitet

Additiv forhindrar at drivstoff av dårleg kvalitet, som yter og forbrenner dårleg, skadar motoren.

Kontaktinformasjon

Åpningstider

Man-Fre: 08.00-17.00
Laurdag: 10.00-14.00


Til biltunet.no