Thule

Voss er bygda for aktivitet og friluftsliv, noko som gjer svenske Thule til ein naturleg samarbeidspartnar for oss i Biltunet Autoshop. Thule sin filosofi er at uansett kva aktivitetar du brenn for, kvar du skal og kva du vil ha med deg, så har dei løysinga for deg. Om det er kajakken din, brettet ditt, skia dine eller sykkelen din du vil ha med, så har Thule gode produkt av høg kvalitet, som gjer det mogleg.

Med Thule kan du ta med deg det du vil, dit du vil.

Thule sykkelstativ

Sykkelstativ

Thule har sykkelstativ som passar for dei fleste bilar. Om du vil ha med deg fleire syklar, kan eit stativ festa på hengjarfestet vera ei god løysing. For lettare syklar ynskjer mange eit tak-stativ. I tillegg har Thule praktiske stativ som kan festast direkte til bilen si bakluke. 

Hugs at dersom du skal frakta el-syklar, treng du eit stativ som er godkjent for nettopp dette. Thule har mange modellar å velja mellom, alt etter kva bil og syklar du har. Me hjelper deg med å finna det stativet som passar best til dine behov og ynskje.

Takstativ

Eit takstativ kan vera eit godt alternativ når du vil ha med deg sykkel eller anna sportsutstyr som tek ein del plass. Stativet vert enkelt festa til taket med takbøylar, og kan lett takast av når du ikkje treng det. 

Med eit takstativ frå Thule kan du ta med deg det du vil når du vil, på ein trygg og godkjent måte. Den riktige modellen for akkurat ditt behov, finn du hjå oss.

Thule takstativ
Thule sportsstativ

Sportstativer

Thule sine sportsstativ er tilpassa mange ulike typar sportsutstyr, og gjer det enkelt for deg å driva med dei aktivitetane du likar best. Her finn du skreddarsydde løysingar for ski, snowboard, kajakk, surfebrett og kano. Felles for dei alle er fokus på enkel og trygg transport, og at det skal vera lett å lasta og lossa utstyret. 

Med det riktige sportsstativet frå Thule kjem både du og sportsutstyret ditt fram i god behald. Me hjelper deg med å finna rett modell.

Kontaktinformasjon

Åpningstider

Man-Fre: 08.00-17.00
Laurdag: 10.00-14.00


Til biltunet.no